Frå NAV-besøk til sofasøk – sjølvbetent alderspensjon

Stine Klepp Tryggestad 113pxI dag organiserer vi mykje av kvardagen vår på nettet. Skal vi søke lån eller fornye forsikringar gjer vi det på bankane sine nettsider. Søknadar til barnehagar, høgskular og universitet skjer på nett, og sjølvmeldinga vår har vi blitt vane med å levere papirlaust. No kan du også søke om alderspensjon på nett og få svar med ein gong.

Sjølvbeteningsløysinga Din Pensjon finn du på NAV sine nettsider nav.no. Din Pensjon skal hjelpe deg til å ta eit informert val om pensjon og du finn enkelt svar på kor mykje du vil få i pensjon, søke om pensjon, sjå status på søknaden og få oversikt over pensjonsutbetalingar. Det er altså ei teneste som kan hjelpe både deg som vurderer å ta ut pensjon og deg som allereie er pensjonist.

Dersom du aldri har vore logga inn i Din Pensjon; dette er nokre av mogelegheitene du har der:
  • Sjå informasjon om eiga pensjonsopptening
  • Berekne framtidig alderspensjon
  • Lagre og samanlikne ulike alternativ for pensjonering og uttaksgrad
  • Sjå informasjon om tenestepensjon du har hos dei største pensjonsleverandørane
  • Søke om pensjon på nett og få svar med ein gong
  • Elektronisk dialog med NAV – stille spørsmål og få svar

All informasjon er basert på personleg informasjon om deg og gir deg difor ei unik oversikt over dine samla pensjonsrettar. I tillegg er tenesta døgnope. Terskelen er kanskje for somme litt høgare enn for andre til å logge inn på slike nettenester, men Din Pensjon er utforma slik at den skal vere lett å bruke uansett tekniske føresetnader. Det er enkelt å logge inn ved å nytte kodebrikka frå banken eller MinID. Skulle du likevel stå fast kan du ringe oss i NAV for hjelp på 55 55 33 34.

Summen av alt du kan gjere i Din Pensjon gjer nettenesta til det beste verktøyet for å planlegge eigen pensjon. Fleire og fleire søker om alderspensjon i Din Pensjon, i 2012 fekk vi 35% av alle søknadar via Din Pensjon og i 2014 har vi motteke heile 55% av søknadane på nett. Søk på nett – det er lett. Lykke til!