Er du medlem?

Stine Klepp Tryggestad 113pxNøkkelen til å få ytingar frå NAV er medlemskap i folketrygda. Kva tyder det eigentleg å vere medlem av norsk folketrygd? Medlemskapen ligg til grunn for vurderingar NAV gjer i saksbehandlinga, til dømes når vi skal rekne ut kva du vil få i alderspensjon. Det er også eit vilkår å vere medlem for å ha rett til ulike helsetenester i Norge.

Folketrygdlova og trygdeavtalane Norge har med ulike land fastset vilkåra for medlemskap. Dersom du er busett i Norge er hovudregelen at du er medlem i folketrygda. Det er sjølvsagt nokre vilkår knytt til dette, til dømes at opphaldet ditt i Norge er meint å vare i minst 12 månadar og at opphaldet ditt er lovleg. Det er heldigvis ikkje slik at du ikkje er medlem lenger straks du reiser ut av landet. Så du kan altså trygt reise på ferie utan å tenke på dette. Veldig forenkla kan ein seie at så lenge du er meir i Norge enn i utlandet i løpet av eit kalenderår, så er du med.

Fleire nordmenn jobbar i dag i utlandet – anten for norske eller utanlandske arbeidsgjevarar. Kva med dei tenker du kanskje? Er dei medlem av folketrygda framleis? Er du student i utlandet med stipend frå Lånekassa, jobbar på eit norsk skip eller er sendt ut av den norske stat beheld du medlemskapen medan du oppheld deg utanfor Norge. Om du ønskjer det, er det mogeleg å søke om frivillig medlemskap i norsk folketrygd ved opphald i utlandet som gjer at medlemskapen din opphøyrer. Kva eit frivillig medlemskap vil koste er avhengig av blant anna skatteplikt og kva delar av folketrygda du vil behalde medlemskap i. Det er alltid lurt å setje seg godt inn i dette regelverket dersom du vurderer å jobbe i utlandet slik at du veit kva reglar som gjeld for deg.

Vil du ha meir informasjon om medlemskap i folketrygda finn du dette her. Og hugs – vurderingar av medlemskap gjeld ikkje berre deg som er i arbeid. Har du ein pensjon frå NAV kan medlemskap ha tyding for pensjonen din.  Dette vil bli skildra i komande blogginnlegg, både kva du må tenke på dersom du ønskjer å flytte utanlands som pensjonist og kva reglar som gjeld for deg som har pensjonsopptening i fleire land.