Kva er eigentleg AFP-etteroppgjer?

Stine Klepp Tryggestad 113pxAFP står for avtalefesta pensjon og er ei tidlegpensjonsordning som er forhandla fram mellom partane i arbeidslivet i offentleg og privat sektor. Og kvar haust skjer det. NAV skal sikre at AFP-pensjonistane får riktig utbetaling, og må vurdere om det den enkelte faktisk har tent stemmer med inntekta som er brukt for å berekne AFP-pensjonen. På stammespråket vert vurdering av inntekt ved sidan av AFP kalla AFP-etteroppgjer.

Kva er så gangen i etteroppgjeret for AFP-pensjonistane? Når inntektsopplysningane dine for eit kalenderår er klare får NAV dei tilsendt frå Skatteetaten. Desse opplysningane samanliknar vi med det som var grunnlaget for berekning av AFP-pensjonen. I offentleg sektor gjer NAV inntektsvurderinga for dei som har statleg AFP og er under 65 år, og i privat sektor for AFP etter gammal ordning (dei som har tatt ut AFP før 1.1.2011).

For AFP i offentleg sektor og den gamle ordninga for AFP i privat sektor kan det du faktisk tener avvike med 15 000 kroner i høve til den inntekta som er brukt for å berekne pensjonen. Er avviket over 15 000 kroner, vil AFP-pensjonen bli berekna på nytt. Denne grensa på 15 000 kroner vert kalla toleransebeløp, og må ikkje forvekslast med eit fribeløp. Tener du til dømes 15 600 kroner meir enn forventa, vil heile inntekta di vere grunnlag for ny vurdering av AFP-pensjonen din – ikkje berre dei 600 kronene som er over toleransegrensa.

Alle som har ein AFP etter ei ordning administrert av NAV fekk i oktober eit brev om etteroppgjeret. Innhaldet i brevet varierer utifrå kva inntekt du har hatt:

  1. Dei som har arbeidd ved sidan av AFP-pensjonen sin, og som ikkje har hatt inntekt utover toleransebeløpet. For denne gruppa vert det ingen endring i AFP-utbetalinga
  2. Dei som har arbeidd ved sidan av AFP-pensjonen sin, og som har tent meir enn toleransebeløpet. Denne gruppa får varsel om at pensjonen vil verte berekna på nytt og kan få krav om å betale tilbake for mykje utbetalt AFP
  3. Dei som har tent mindre enn toleransebeløpet. Denne gruppa vil kunne få etterbetalt pensjon
  4. Dei som ikkje har arbeida ved sia av AFP-pensjonen. Som for gruppe 1 vert det heller ikkje for denne gruppa endringar i pensjonen

For dei som er i gruppe 2 over er det nokre ting som er viktig å merke seg. Det er ikkje all inntekt som skal vere med i vurdering av om du har fått rett utbetalt AFP. Til dømes er inntekt som er opptent før første uttak av AFP ikkje med i vurderinga. Opplysningane NAV får frå Skatteetaten viser ikkje kva som er tent før og etter uttak av AFP. Difor er det veldig viktig at du innan 4 veker etter mottak av brevet frå NAV sender korrigerte opplysningar om kva inntekt du har hatt og når du har motteke den.

Treng du meir informasjon om AFP-etteroppgjer? Då finn du informasjon om dette her og her på nav.no. Og hugs – er du i tvil, ta kontakt med oss så hjelper vi deg 🙂