Kostbar pensjonsreform fram til no

Ole Christian Lien_klipp 113pxVisste du at pensjonsreforma har vore ei kostbar erfaring for Noreg så langt? Heilt fram til 2020 vil reforma isolert sett gje høgare alderspensjonsutgifter, skriv Aftenposten i dag basert på ein ny analyse frå NAV. Meirutgiftene blir høgast i 2014 og 2015 med 10 milliardar kroner i året.

Pensjonsreforma har som føremål å gjera alderspensjonen økonomisk berekraftig i framtida. Levealdersjustering og nye reglar for årleg justering av pensjoner under utbetaling vart innførd frå 2011. Det vil føra til at dei årlege utgiftene etter kvart blir lågare enn dei ville blitt med det gamle regelverket.

Fleksibel pensjonsalder innanfor aldersspennet 62–75 år gjer likevel at utgiftene til alderspensjon blir høgare dei første åra. Det kjem av at fem fleire årskull kunne ta ut pensjon frå 2011. Svært mange har fram til no teke ut alderspensjon før 67 år, samstundes som få har utsett uttaket til etter 67 år. Innsparingselementa i reforma får på si side liten verknad i byrjinga, men aukar for kvart år.

Dei samla meirutgiftene i åra 2011 til 2020 kan bli på om lag 60 milliardar kroner. Ein gong mellom 2025 og 2030 vil vi ha teke att desse meirutgiftene. Heldigvis høver tidspunktet for innsparinga godt med tanke på dei økonomiske utsiktene for Noreg framover. Finansdepartementet anslår i Perspektivmeldinga at Noreg frå 2025–2030 kjem i ein situasjon der offentlege utgifter vil auke snøggare enn inntektene. At vi har eit berekraftig pensjonssystem der det lønar seg å arbeide gjer oss då godt rusta i framtida.

Du kan lese heile analysen på nav.no i NAV sin analysepublikasjon Arbeid og velferd.

Ole Christian Lien