Attlevandepensjon i utlandet

I blogginnlegget forrige veke om NOUen «Folketrygdens ytelser til etterlatte» skreiv Hilde Olsen om attlevandeytingane i lys av samfunnsutviklinga, og utvalget sitt forslag til endringar i desse ytingane. I NOUen har utvalget blant anna sett på utbetalingar av attlevandeytingane til utlandet. Av folketrygda sine ytingar er det innan attlevandeytingane at høgast andel av utbetalingane går til personar busett utanfor Noreg.

I dette blogginnlegget kan du lese om gjeldande reglar for eksport av attlevande pensjon. Med eksport meinast både det å ta med seg ein allereie innvilga pensjon ut av landet ved flytting, og det å få innvilga ein norsk pensjon når ein er busett i eit anna land.

Rett til attlevande pensjon

Eit av inngangsvilkåra gjeld den attlevande sin relasjon til avdøde. Ein attlevande ektefelle kan ha rett på attlevandepensjon dersom dei var gifte i minst i fem år, eller kortare dersom det var born i ekteskapet. Sambuarar med felles barn er likestilte med gifte.

Det er også krav til den avdøde sitt medlemskap i folketrygda. Det er eit krav at avdøde var medlem i trygda dei tre siste åra forut for dødsfallet, eller hadde pensjon eller uføretrygd frå folketrygda dei tre siste åra før dødsfallet. Krava kan oppfyllast via medlemskap i andre land som Noreg har trygdeavtale med.

Krava for å få rett til attlevandepensjon er tilknytte attlevande sin relasjon til avdøde, og den avdøde sin relasjon til folketrygda. I utgangspunktet er det ikkje naudsynt at den attlevande har noko tilknyting til Noreg i det heile for å få attlevandepensjon.

Utbetaling av attlevandepensjon utanfor Noreg

Bur den attlevande i utlandet må eksportvilkåra i folketrygdlova vere oppfylt, eller så må den attlevande bu i eit land Noreg har trygdeavtale med som heimlar eksport. Attlevandepensjon kan utbetalst kor som helst i verda dersom den avdøde eller attlevande har vore busett i Noreg i over 20 år. Dersom den avdøde har vore busett i Noreg under 20 år, men har minst tre år med pensjonspoeng, kan attlevandepensjon utbetalast basert på antall år med pensjonspoeng.

Den attlevande treng altså ikkje ha noko tilknyting til Noreg i det heile for å få attlevandepensjon. I rapporten som blei levert 2. februar står det om attlevandeytingane: «av utbetalingene til personer som er bosatte utenfor Norge, går 70 prosent til utenlandske statsborgere». Dei tre landa med høgast utbetalingar er Thailand, Sverige og Polen.

Krav til arbeid også i utlandet

I utgangspunktet er utrekninga av pensjonen berre basert på den avdøde sin opptente pensjonsrett. Attlevandepensjon skal deretter reduserast etter den attlevande si arbeidsinntekt. Det er eit krav at den attlevande skal bruke dei arbeidsmoglegheitene han eller ho har. Dei som er busette i utlandet vert stilt ovanfor dei same krava til inntektsnivå som ein attlevandepensjonist busett i Noreg. Pensjonen skal reduserast etter inntekta pensjonisten har eller kan forventast å ha etter ei vurdering gjort av NAV.

For attlevandepensjonistar under 55 år har folketrygdlova eit krav til ei minsteinntekt på to gonger folketrygda sitt grunnbeløp (NOK 185 152) etter ei omstillingstid. Sidan det i mange land er eit betydeleg lågare inntektsnivå enn i Noreg vil det i fleire tilfelle vere slik at ein attlevandepensjonist vil få sin pensjon redusert etter ei inntekt som er høgare enn det er mogleg å tene i det landet dei bur i.

Endringar kan påvirke retten til attlevandepensjon

Retten til attlevandepensjon opphøyrer dersom den attlevande giftar seg på nytt eller blir sambuar og har felles barn med han eller ho.  Som mottakar av ei yting frå folketrygda er ein forplikta til å gi NAV riktige opplysningar.  Bur den attlevande i eit land Noreg har trygdeavtale med, kan NAV ved behov få slike opplysningar frå det landet si trygdemyndigheit. Dersom den attlevande er busett i eit land Noreg ikkje har trygdeavtale med, får NAV bistand frå den norske ambassaden i det landet.

Mer informasjon

De kan finne meir informasjon på:

Inger Marie Holtedahl
Fungerende avdelingsdirektør NAV Familie- og pensjonsytelser Oslo 2