Fortsatt auke i talet på alderspensjonistar

Dei seinare åra har talet på pensjonistar i Noreg auka betydeleg. Talet på alderspensjonistar i mars 2008 var 638 600, medan det per mars i år er heile 921 100 som fekk utbetalt alderspensjon frå folketrygda. Dette er ei auke på heile 44%.

Det er særskilt to forklaringar til årsaka til denne auka:

  • Etterkrigskulla har nådd pensjonsalder
  • Pensjonsreforma

Nedgang i tidleg uttak av alderspensjon

Pensjonsreforma gav fleire valmuligheiter for uttak av alderspensjon frå 62 år, samt å kombinere jobb og uttak av alderspensjon. Denne mogelegheita har fleire valt å nytte seg av, og andelen som har valt å ta ut pensjon før 67 år har auka over tid. For første gang sia pensjonsreforma ser ein no ein nedgang på denne trenden. Av dei som har mogelegheit til å ta ut alderspensjon frå 62 år i aldersgruppa 62-66 år) gikk andelen ned frå 58 % ved utgangen av 2016 til 57 % ved utgangen av 2017.

Alderspensjonister 62-66 år som andel av dem som har mulighet til å ta ut alderspensjon. Kjønn. Desember. 2011-2017. Kilde NAV

Kvinner i fleirtal blant pensjonistane

Ved utgangen av mars i år var det 473 500 kvinner og 447 600 menn som var alderspensjonistar. Kvinner utgjer altså 51 % av pensjonistane. I dei yngste aldersgruppene er det flest menn, medan talet på kvinnelege alderspensjonstar stig med alderen. Dette har samanheng med at det er flest med som tek ut alderspensjon mellom 62-66 år. Kvinner lever lenger enn menn, og dette ser vi i kjønnsfordelinga i dei eldste aldersgruppene.

Antall alderspensjonister i ulike aldersgrupper. Kjønn. Mars 2018. Kilde NAV

Utvikling i årleg alderspensjon

I 2017 fekk alderspensjonistar i snitt utbetalt 232 600 kroner i årleg alderspensjon frå folketrygda. Til samanlikning var utbetalinga i 2016 232 300 kroner (justert for konsumprisindeksen). Auka er på om lag 300 kroner, noko som gir tilnærma uendra realverdi. Dei siste åra har det vore ei låg vekst i alderspensjonen, dette heng saman med beskjeden lønnsvekst generelt. Dersom ein ser på reallønn i eit tiårsperspektiv har utviklinga vore ganske god, realverdien av gjennomsnittleg alderspensjon har auka med 22%.

Utvikling i årlig, gjennomsnittlig alderspensjon fra NAV, før skatt. Utvikling med og uten prisjustering. NAV og SSB (KPI)

Storleiken på pensjonsutbetalingane, og den låge veksten dei siste åra, kan også forklarast med tidleg uttak av alderspensjon – ved tidleg uttak av alderspensjon skal utbetalingane fordelast over fleire år, og kva utbetaling vert difor lågare enn om ein ventar med å ta ut pensjonen.

Les meir om alderspensjonsstatistikk på www.nav.no.

Forfattar av blogginnlegget er Bjørn Halse, Statistikkseksjonen, Kunnskapsavdelinga, NAV