Lesetips til sommarferien

Har du lyst til å lese litt om pensjon i sommarferien? Her finn du ei leseliste over aktuelle pensjonstema som kan vere fine å lese i sommar.

Vi har leita fram fem artiklar fra arkivet vårt som gir god informasjon om pensjon:

  1. Er du på jakt etter oversikt over eigen pensjon? Då er Din Pensjon ein fin stad å starte. Les om korleis Din Pensjon gjer pensjon enkelt.
  2. Kva betyr eigentleg dei ulike omgrepa som vert nytta om pensjon? Dette vert forklart i blogginnlegget «Begriper du begrepene«.
  3. Levealdersjustering er noko som påverker storleiken på alderspensjonen. Korleis verkar eigentleg denne levealdersjusteringa, og kva betyr det for deg?
  4. Mange som skal ta ut alderspensjon i Norge har budd og arbeidd i fleire land. I blogginnlegget «Alderspensjon og trygdetid i flere land» forklarar vi korleis trygdetid frå fleireland kan bidra til at dei med kort trygdetid i Norge kan få innvilga alderspensjon.
  5. Kva vert forventa av deg som mottek gjenlevandepensjon? Og kva skjer dersom du vert sjuk eller misser jobben? «Inntekt, arbeid og gjenlevandepensjon» forklarar dette.

Dersom du vil lese enda meir om pensjon kan du lese på www.nav.no, eller du søke etter aktuelle innlegg her på bloggen. Du kan også ringe til NAV Kontaktsenter Pensjon på 55 55 33 34 og få svar på det du måtte lure på om alderspensjon. God sommar!

Blogginnlegget er skrive av Stine Klepp Tryggestad, seniorrådgjevar i NAV Familie- og pensjonsytelser Styringsenhet