Frivillig medlemskap for pensjonistar busett i eit anna EU/EØS-land
Etter EØS-avtalen er hovudregelen at pensjonistar utan arbeid skal vere omfatta av trygdereglane i landet dei er busett. For alderspensjonistar og uføre er det mogeleg å søkje om frivillig medlemskap i helsedelen til norsk folketrygd dersom visse vilkår er oppfylte.
Er du pensjonist er det altså trygdereglane i landet du er busett som gjeld for deg. Flyttar du frå Noreg opphøyrer som regel den pliktige medlemskapen din i norsk folketrygd. Du har då sjølv plikt til å undersøkje kva trygdereglar som gjeld i landet du har flytta til, og om desse reglane gjeld for deg.
Frivillig medlemskap i norsk folketrygd
Dersom du mottek alderspensjon eller uføretrygd frå Noreg og er busett i eit anna EU/EØS-land kan du søkje om frivillig medlemskap i helsedelen av norsk folketrygd. Du må då dokumentere at du ikkje er omfatta av trygdeordninga i landet du er busett i.
Er du er omfatta av trygdeordninga i landet du er busett i vil du ikkje kunne få innvilga frivillig medlemskap i helsedelen av norsk folketrygd.
Søke om frivillig medlemskap
Bur du i eit anna EØS-land kan du sende ein søknad til NAV dersom du vil søkje om frivillig medlemskap. Vi vil då undersøkje om du oppfyll vilkåra for å få innvilga dette. Om du oppfyll vilkåra for frivillig medlemskap vil du få informasjon frå NAV om korleis du kan dokumentere at du ikkje er omfatta av trygderegelverket i landet du er busett i.
Har du tidlegare fått avslag på søknad om frivillig medlemsskap og er busett i eit EU/EØS-land? Då kan du sende ein ny søknad og vi vil vurdere saka di på nytt.
Les meir om medlemskap i folketrygden og frivillig medlemskap på www.nav.no.
Forfattar av blogginnlegget er Stine Klepp Tryggestad, Styringsenheten i NAV Familie- og pensjonsytelser