Ny offentleg tenestepensjon

Frå årsskiftet tredde nye regler for opptening og uttak av alderspensjon for offentleg tilsette som er født i 1963 eller seinare i kraft. Dei som er opptekne av pensjon kallar dette den største endringa i offentleg tenestepensjon på 100 år. Her får du vite kvifor.

Dette blogginnlegget vart først publisert på pensjonsbloggen til Statens Pensjonskasse.

Først ei viktig melding til deg det gjeld: Sjølv om reglane vert endra, vil endringane ikkje påverke medlemskapen i Statens pensjonskasse (SPK). Du er framleis medlem, med dei medlemsfordelane det inneber. Og du tener automatisk opp pensjon. Men oppteninga vil skje etter nye regler. Det er dei nye reglene blogginnlegget handlar om.

Grunnlag for endringane

Levealderen i Noreg auker. For at offentlege tilsette skal vere sikra ein god pensjon framover, fekk vi i 2011 ei pensjonsreform som kort fortald inneber at vi må arbeide lenger for å få same pensjon som årskulla før oss. Samstundes gjer regelverket som gjeld for årskulla i 1962 eller tidlegare, at nokre får avgrensa utteljing for å jobbe lenger.

Regelverket for dei som er født i 1962 eller tidlegare, gjer det òg komplisert å veksle mellom arbeid i offentleg og privat sektor. Med den nye offentlege tenestepensjonen blir dette enklare.

Her er dei viktigaste konsekvensene

Dei viktigaste måla med endringane som tredde i kraft 1. januar 2020 er:

  • Det skal løne seg å jobbe lenger
  • Det skal vere enklare å veksle mellom jobb i offentleg og privat sektor utan å tape pensjon

For deg som har opptening både før og etter 2020, skjer det ikkje noko før du vel å ta ut alderspensjon. Då vil pensjonen du har tent til og med 2019, og pensjonen du har tent frå og med 2020, bli utrekna på to ulike måtar.

Prinsippa som står fast

  • Offentleg tenestepensjon er framleis ei livsvarig yting
  • I tillegg til å tene opp til alderspensjon, er du dekt om du blir sjuk (uførepensjon), og dine etterlatne er dekt om du skulle døy (etterlatnepensjon)
  • Du vil framleis bli trekt medlemsinnskott på to prosent av lønna
  • Du har same moglegheiter for å få budstadslån frå oss

Prinsippa som er endra

Inga samordning framover

Alderspensjonen du har tent opp før 2019 skal samordnast med folketrygda. Det inneber at alderspensjonen frå SPK blir justert opp eller ned basert på alderspensjonen frå folketrygda, slik at ytinga samla utgjer ein viss prosent av sluttlønna. Alderspensjonen du tener opp frå 2020 skal ikkje samordnast med folketrygda. Utbetalinga vert ikkje påverka av storleiken på folketrygda, men kjem som eit tillegg – eit påslag – til alderspensjonen frå folketrygda og eventuelt andre pensjonsordningar.

Derfor vil du nokre gonger vil sjå nemninga påslagspensjon om ny offentleg tenestepensjon.

Frå sluttløn til behaldning

Opptening før 2020 blir rekna ut som ein prosentdel av sluttlønna di, det vil seie årslønna di per 31.12.19. Frå 2020 blir alderspensjonen tent opp og samla i ei behaldning. Kvart år vil ein prosentsats av lønna leggast til behaldninga, og alle år i arbeid fram til og med 75 år vil gi opptening.

AFP vert endra

Den endelege utforminga av avtalefesta pensjon (AFP) i offentleg sektor er ikkje vedteke. Partane i arbeidslivet er likevel einige om at:

  • AFP skal vere ei livsvarig yting i tillegg til alderspensjonen
  • du skal kunne ta ut AFP fleksibelt mellom 62 og 70 år
  • det skal vere mogeleg å kombinere AFP og arbeid

Presisering:
Staten er forplikta av Hovudtariffavtala frå mai 2019 med følgande ordlyd;
Personer som er fødd i 1962 eller tidlegare, behald AFP-ordninga etter punkt 4.2. For offentleg tilsette fødd i 1963 eller seinare, gjeld ny AFP-ordning slik den er fastsatt i avtala mellom Arbeids- og sosialdepartementet og hovudorganisasjonane 3. mars 2018, med eventuelle endringar i AFP som gjerast i medhold av pkt. 12 i avtala. Dermed er desse årskulla omfatta av ny AFP-ordning og kan ta ut AFP frå og med 2025 når dei vert 62 år.

I avtala frå mars 2018 står følgande: «Dersom det skjer store uforutsette endringer i forutsetningene for pensjonsavtalen, kan partene endre avtalen. Endringer som kan utløse dette, er for eksempel endringer i AFP-ordningen i privat sektor.» Eventuelle endringar i AFP må avtalast mellom hovudsammenslutningane og staten.

Er du svolten på meir informasjon om korleis det blir frå og med 2020? På spk.no kan du lese meir om:

Forfattar av blogginnlegget er Lars Martin Hopmoen, kundekonsulent på kundesenteret i Statens pensjonskasse. Saman med sine kollegaer svarar han kvart år på over 120 000 telefoner og 30 000 skriftlege spørsmål fra medlemmar og arbeidsgjevarar.