Sommarlesing

Det nærmar seg sommarferie og mange brukar då litt ekstra tid på å lese. Her finn du ei leseliste over aktuelle pensjonstema som kan vere fine å lese i sommar.

Vi har leita fram seks artiklar fra arkivet vårt som gir god informasjon om pensjon:

  1. Er du på jakt etter oversikt over eigen pensjon? Då er Din Pensjon ein fin stad å starte. Les om korleis Din Pensjon gjer pensjon enkelt.
  2. Medlemskap i folketrygda er nøkkelen til ytingar frå NAV. Lær meir om medlemskap i blogginnlegget Alderspensjon og medlemskap i folketrygda.
  3. Skjermingstillegg til uføre skal delvis skjerme tidlegare uføretrygda mot levealdersjustering av alderspensjonen. Om skjermingstillegg og pensjon forklarar korleis dette fungerer.
  4. Kva må du eigentleg kunne om pensjon? «Jeg er ung – hva må jeg kunne om pensjon?» gir ei kort forklaring på korleis pensjonssystemet er bygd opp.
  5. Mange lurer på korleis pensjon vert berekna. Korleis vert pensjonen min berekna gir ei fin innføring i det gamle og det nye regelverket for pensjon, og korleis det heile heng saman.
  6. Nye reglar for alderspensjon gjer at alle år tel med i pensjonsoppteninga. Alderspensjon fra første krone skildrar at også småjobbar og sommarjobbar gir påfyll til pensjonssparegrisen.

Dersom du vil lese enda meir om pensjon kan du lese på www.nav.no, eller du kan søkje etter aktuelle innlegg her på bloggen. God sommar!

Forfatter av blogginnlegget er Stine Klepp Tryggestad, NAV Familie- og pensjonsytelser Styringsenhet